“Heftig og temperamentsfullt,
nesten skremmande å høyra på”
Are August Flannagan Furubotn, NRK
Om plata “Eit halvt tusenår”
Foto: Cathrine Dokken
Årets folkemusiker 2025/
Folk musician of the year 2025
Ingrid Lingaas Fossum vart heidra som årets folkemusiker laurdag 15. november under Folkelarmprisutdelinga på Riksscena i Oslo.
”Årets vinnar har det siste året markert seg som ein framifrå utøvar, formidlar og tradisjonsberar. Vinnaren har vore aktiv både høgt og lågt – på scener, i studio og i møte med publikum i ulike format.
I tillegg til sine eigne produksjonar og album har Årets folkmusikar delteke i fleire prosjekt og førestillingar, der ho viser breidde, samarbeidsevne og kunstnarleg nysgjerrigheit. Ho har også vore ein viktig formidlar og undervisar, der ho gir vidare kunnskap, repertoar og speleglede til nye generasjonar.
Med langeleiken i sentrum har ho lyfta fram eit av våre eldste og mest særmerkte instrument, og gjort det med spel av ypparste klasse, ein varm og uttrykksfull song og eit lyttande samspel. I samband med langeleikens 500-årsjubileum i 2024 har ho lagt ned ein enorm innsats. Ho har oppsøkt, spela på og spela inn musikk på historiske langeleikar frå mange delar av landet. Dette arbeidet har resultert i både konsertar, innspelingar og formidling som set instrumentet i eit nytt lys, samtidig som ho tek vare på og vidarefører ein sterk tradisjon.
Gjennom sitt arbeid kombinerer ho høgt kunstnarleg nivå med eit brennande engasjement for tradisjonen, og ho har på ein sjeldan måte klart å gjera langeleiken relevant for både dagens og framtidas folkemusikkfelt.”
Foto: Flora Wiederkehr
Ingrid Lingaas Fossum (f. 1991) frå Valdres er ei av dei fremste langeleikutøvarane i landet. Ho har spelt langeleik sidan ho var åtte år, og har sterke røter i den levande langeleiktradisjonen. Ho er oppteken av å lyfte fram det tradisjonelle spelet, samstundes som ho utfordrar langeleikens bruksmåte.
Biografi / Biography
Foto: Cathrine Dokken
Prosjekter / Projects
Himmelleite
Foto: Cillian Frister
Treak
Foto: Hege Bergman Rotnes
“Eit halvt tusenår”/”Half a millennium”
Foto: Cathrine Dokken
”Danse mi dokke, springe min hest”
Foto: Isa Holmgren
“Alumni”
Releases
Listen to “Eit halvt tusenår” here:
The Orchard
Listen to “Efterklang fra fjeldreisen” here:
The Orchard
Listen to “Alumni” here:
The Orchard