“Danse mi dokke, springe min hest”
Foto: Anders Lillebo
I denne førestillinga får vi møte dei mystiske dansedokkene til Berit på Pynte. Når Berit spelar på langeleiken sin, byrjar både små og store dokker å danse. Korleis får ho det til? Er det ein slags magi i den gamle musikken, som vekkjer dei til live? Og er det eigentleg noko moro å vere ei dansedokke, når du berre får danse når ein annan bestemmer det?
«Danse mi dokke, springe min hest» er basert på ein fleire hundre år gammal tradisjon: Dansedokker (marionettar) til langeleikspel. Berit på Pynte var ein berømt langeleikspelar som levde i Valdres på 1800-talet. Ho budde på ein liten husmannsplass i Vestre Slidre, og brukte å underhalde folk som kom reisande forbi. Ho spelte langeleik, song og dansa – og var kjent for å bruke dansedokker, som ho festa i ein tråd i handa då hun spelte langeleik.
Etter Berit finst det mange spennande historier og nedskriven musikk – mellom anna frå Edvard Grieg, som ein gong var på besøk på ei av reisene sine.
Teaser:
Video: Jørn Nyseth Ranum