“Eit halvt tusenår” / “Half a millennium”
Foto: Cathrine Dokken
Eit halvt tusenår er Ingrid Lingaas Fossum si fyrste soloplate - der ho speler på heile tolv gamle langeleikar! Den eldste av langeleikane på plata, Hasvoldseterleiken, fylte 500 år i 2024, same året som plata kom ut. Vi får høyre ein stor variasjon av ulike klangar og tonalitetar, og kan dykke ned i verda til kvart instrument. Hausten 2025 er plata nominert til Folkelarmpris for årets soloplate.
Ingrid har i lag med instrumentmakar Oddrun Hegge reist rundt og undersøkt langeleikar frå ulike område i Noreg. Dei har funne fram til tolv eldre instrument, frå Valdres, Telemark, Gudbrandsdalen, Hallingdal og Gjøvik – pluss ein kopi av ein eldre langeleik frå Ulvik. Ingrid har brukt lang tid på å bli kjend med og forstå kvart instrument, og speler ein stor variasjon av låttemateriale frå ulike område. Fokuset har vore å bli kjend med kvar langeleik slik han er – med sine ulydar og utfordringar, men òg med sin unike klang og tonalitet. Der det finst opptak, har ho forsøkt å ta med seg noko av spelestilen til kvar kjelde – utan mål om å kopiere dei heilt.
Plata til Ingrid er unik i det at ein får høyre mange ulike eksempel på eldre tonalitet, som er fysisk knytt til kvart instrument. Før pianoet og den tempererte skalaen vart vanleg, varierte oppfatninga av kva som var ein “riktig” eller “rein” tonalitet. Langeleiken har tidlegare spelt ei viktig rolle i tonalitetsforsking, blant anna i arbeidet til Erik Eggen, Eivind Groven og Reidar Sevåg. På denne plata får vi høyre eksempel på dette i praksis, frå instrument der den eldre tonaliteten er blitt bevart.
“TOlvtalsvisa”
English
Eit halvt tusenår (2024) (“Half a Millennium”) is the first solo album of langeleik player Ingrid Lingaas Fossum. On the album she documents 12 old langeleiks, which all have a large variety in timbre and tonality. The oldest langeleik on the album is the “Hasvoldseter” langeleik, which belonged to Petter Hasvoldseter (1928-2012). This instrument has the year 1524 inscripted, and had its 500th anniversary in 2024 - the year Ingrid’s album was released. The album is the first of its kind to document old langeleiks, and november 2025 it got nominated for the norwegian “Folkelarm” award as the solo album of the year.
In 2024, Ingrid travelled around in Norway to inspect old langeleiks, accompanied by langeleik maker Oddrun Hegge. They chose 12 older langeleiks, originating from Valdres, Telemark, Gudbrandsdalen, Hallingdal and Gjøvik - plus a copy of a langeleik from Ulvik in western Norway. Ingrid has used time to get to know each instrument, and worked to find music directed connected to each instrument and/or the local tradition it originates from.
Since the frets on the langeleik are fixed, the album is also an important documentation of older tonality, that had a much larger variation than our modern music.
Listen to “Eit halvt tusenår” here:
The Orchard
Or scan the QR code: